Språk

 

Aina Basso. Inn i elden (2012)

Klikk for stort bildeBokomslag. Samlaget, 2012

Om trolldomsprosessane i Vardø og to parallelle ungjenteliv, danske Dorothe og norske Elen. Den eine inngift i herskarklassen, den andre av folket. Dei møtest, og det er ei forståing mellom dei inntil alt går sund og Elen blir dømd som heks. Nøkternt, biletrikt, gripande, heilt utan romantisering eller eksotisme rundt hekser og trolldomspraksis. God framstilling av tru, overtru, kunnskapsløyse, makt og massesuggesjon.

Boka er digitalisert av Nasjonalbiblioteket, ikkje allment tilgjengeleg.
Bruk biblioteket! Biblioteksøk
Om forfattaren Aina Basso