Språk

 

Kjartan Fløgstad. Grense Jakobselv : roman (2009)

Klikk for stort bildeBokomslag. Gyldendal, 2009

Det kan vera noko smertefullt ved å lesa Fløgstad. Vi veit vi kan venta eit mylder av personar, autentiske og oppdikta, ein komplisert struktur med tidssprang og ein stillferdig, men skjerande ironi, eigna til å ta illusjonane frå lesaren. Slik også denne gongen. Det gjeld nazisme, verdskrig og kald krig. Kvar går grensa mellom godt og vondt, og korleis kan eit menneske enda med å gjera urett, sjølv om meininga var å gjera det rette? Sju kapittel er lagde til grenselandet i nord: Sør-Varanger og Petsamo 1940-1941 og Sør-Varanger 1982-2002. Kampen mellom godt og vondt går føre seg her òg.

Grense Jakobselv er digitalisert av Nasjonalbiblioteket, ikkje allment tilgjengeleg.
Bruk biblioteket! Biblioteksøk
Om forfattaren  Kjartan Fløgstad